Vetti Gard - perla i Utladalen

Har du høyrt om Vetti Gard, men ikkje vore der? Då er det på høg tid! 

Turistar på Vetti Gard

Vetti Gard tok i mot gjester for overnatting så tidleg som i 1868 - same året som DNT vart stifta. Etter at vetlestova stod ferdig sju sesongar seinare, fekk Vetti Gard status som turiststasjon.

Kor lenge det eigentleg har vore nokon fast busetnad i Vetti, veit me ikkje. Dei første sikre kjeldene skriv seg frå 1120, og syner til at det alt den gongen vart dyrka brødkorn der inne. Vetti Gard er ein gard med historisk sus og imponerande alder, særleg med omsyn til den avsidesliggande plasseringa heilt inst i heimre Utladalen.

Fleire kjende personar har funne vegen til Vetti Gard opp gjennom historia.

Edvard Grieg

Edvard Grieg fann vegen til Vetti Gard sommaren 1887 og deretter sommaren 1891 - og etterpå uttalte han at turen hadde gjort han ti år yngre - noko tusentals turistar har kunna skriva under på sidan. Det var også på Skogadalsbøen i Utladalen at Grieg møtte Gjendine Slålien - som seinare gav opphav til den vidgjetne komposisjonen til Gjendines bådnlåt. 

Fridtjof Nansen

Fridtjof Nansen fann vegen til Vetti Gard i 1884 i samband med ein treningstur før den store ekspedisjonen der han gjekk på ski over Grønland (1888). Han uttalte følgjande: "Jeg var tidlig på ferde neste morgen og fant min frokost av friske modne molter på myren. Så gikk veien videre mot bygden. Just som jeg stod ved stupet, og Årdalen med ett åpnet sig rett under føttene som en smal, mørk sprekk dypt nedigjennem fjellmassen, og jeg så dalbunnen mer enn tusen fot der loddrett under, da rant solen - toppene på den annen side og tindene lenger inne gløder i morgenglansen. Enkelte fugler kvitrer noen fredige triller i bjerkebuskene tett ved, duggen glitrer på bladene og i lyngen, og nede fra bunnen av dypet trenger en dump lyd op: dundret av Vettisfossen, som sender en sky av fint vannstøv tvers over dalkløften. Naturen jubler i morgenfryd, og uvilkårlig jubler en med. Jeg vender mig rundt mot de alvorlige fjelltinder bak mig, og jeg hauker innover. Det gir rungende gjenlyd, det ljomer og toner lenger og lenger innimellem til det flyter sammen og taper sig langt inne på vidden. Jeg lytter til ekkoet, som det dør. Så et siste farvel til fjellet, og det bærer raskt nedover stien, hugget i bergveggen. Snart er jeg forsvunnet i dypet og nede ved Vetti Gård." Fridtjof Nansen, 1884

Kjelde: Schwarzott, Jan: "Under Storen, portrett av Utladalen og Vettisfossen" (1997)

Vetti Gard i dag

Vetti Gard er framleis i drift som turiststasjon, og tek i mot overnatting i sommarsesongen. I 2018 opnar Vetti Gard 21. juni, og held ope til 9. september. Vil du sikra deg ei seng, bør du ikkje venta for lenge...

Alle foto: Veri Media       Foto av Vettisfossen: Rigmor Øygarden

Torunn Todal