Gå på tur - med truger!

Å gå på truger i vinterkledd landskap gir naturopplevingar utanom det vanlege - også for folk som ikkje likar å gå på ski. Med truger på beina kan du koma deg langt avgarde på snøføre.

Mange turmoglegheiter i Årdal

Årdal er eit godt utgangspunkt for både skiturar og trugeturar, og moglegheitene er mange. Videoen over syner ein trugetur til eitt av dei flottaste utsynspunkta me har i Sogn: Brendefjell/Paradisjuvet. Turen startar ved Seimsåsen ski- og aktivitetssenter i Indre Ofredal. Høgdemeter: 160. Varigheit: omlag 4 timar t/r. På toppen står det ei sjarmerande grillhytte ein kan gå inn i for å ta ein pause og eta lunsj. Turen går gjennom idyllisk furuskog i kupert landskap - og det er skuterspor nesten heilt til toppen. Denne turen er difor innan rekkevidde for dei fleste.

For meir informasjon: www.bulderogbrak.no

Film: Kristian Lien

Musikk: Karl Seglem; Rindabotn (2018)

Torunn Todal