4 opplevingar som er verdt ein omveg

Visit Årdal gir deg fire opplevingar i Indre Sogn som verkeleg er verdt ein omveg. Desse opplevingane ligg ikkje langs hovudvegen, men byr på desto større wow-faktor. Tek du sjansen på å ta av? Årdal finn du ved å anten følgja FV 53, ved å ta av mot Årdal frå Turtagrø eller Tyinkrysset, eller ved å følgja vegen heilt inn Sognefjorden i staden for å køyra rett forbi.

1) Skogadalsbøen

Trine Marie Johansen og Ole Martin Moen er vertskap på Skogadalsbøen. FOTO: Skogadalsbøen/DNT

14 km frå næraste bilveg ligg Jotunheimen sin juvel, Skogadalsbøen. På Bøen er det nett som om tida står stille og det er lett å senke skuldrane, sleppe taket på jaget og finne glede i den vakre naturen sin rolege sus. Ta ein dag mellom bakkar og berg med yoga, toppturar, buldring eller under eit teppe framfor peisen. Skogadalsbøen har eit ungt vertskap frå Årdal, som tek i mot deg med varme og humør. Tør du gå glipp av dette? 


2) Indre Ofredalen "Ne`fø sjøen"

Køyrer du gjennom tunnelen frå Seimsdalen til Ofredalen og følgjer vegen heilt ned til fjorden, så kjem du til eit historisk anlegg. Frå tidleg på 18-hundretalet og fram til siste verdskrigen var dette vesle fjordsamfunnet, Indre Ofredal, ein travel stad basert på vatn som drivkraft til mølla og sagbruket. Skogen i Ofredal hadde, og har, god kvalitet. I Ytre Ofredal fanst det eit steinbrot - og kvit granitt frå dette steinbrotet finn du i dag på Grand Hotel i Oslo. Produkta frå sagbruket i Indre Ofredal vart frakta til Bergen med eigen sognejekt og attende hadde ein med kjøpmannsvarer som vart vidareselde til sogningar som kom i robåt for å handla og mala korn. Den gamle mølla, som er laga i tre, kan du framleis sjå den dag i dag. 

Open somarkafè og hyggeleg vertskap!


Idylliske Vetti Gard - her kan du overnatta, nyta god mat, helsa på beitedyr og slappa av i vakre omgjevnader.FOTO: VERI MEDIA

Idylliske Vetti Gard - her kan du overnatta, nyta god mat, helsa på beitedyr og slappa av i vakre omgjevnader.

FOTO: VERI MEDIA

3) Vetti Gard Turiststasjon

Vetti Gard Turiststasjon ligg i hjarta av Utladalen, som er eit landskapsvernområde du ikkje kan nå med bil. Bilen må du setja fint frå deg på parkeringa ved Hjelle, for så å ta fat på den ca 4,5 km lange "folkevegen" innover dalen.  På veg innover dalen kan du nyta dramatiske fossefall og eit usedvanleg frodig landskap. På Vetti Gard Turiststasjon kan du overnatta eller berre besøka somarkafèen. Frå Vetti Gard er det naturleg å ta seg inn til Vettisfossen - som vart kåra til Noregs vakraste foss for nokre år sidan. Kulturlandskapet rundt Vetti Gard blir halde i hevd ved hjelp av godt skjøtselsarbeid utført av Utladalen Naturhus, og beitedyr. Ta turen inn i Noregs vakraste dalføre du også! 


Årdalsfjorden om hausten er ei vakker oppleving. FOTO: www.bulderogbrak.no

Årdalsfjorden om hausten er ei vakker oppleving. FOTO: www.bulderogbrak.no

4) Kajakk på Årdalsfjorden

Årdalsfjorden er ein av dei finaste delane av den mektige Sognefjorden. Er du ute etter kjensla av å kjenna deg som ein liten prikk i universet, så finn du den her. Fjella som ligg ikring fjorden er meir enn 400 millionar år gamle, og fjordlandskapet i seg sjølv er forma av mektige krefter i form av is og vatn. I Årdalsfjorden finn ein både steinkobbe og nise, som gjerne følgjer etter kajakkpadlarane (på avstand) fordi dei er så nysgjerrige. Her ser ein ofte kongeørn, og senkar ein blikket ned når ein følgjer land, så er det både fisk og koloniar av sjøstjerner å sjå. Og det beste av alt - Årdalsfjorden har fritt utsyn i form av at fjorden her er fri for luftspenn, og båttrafikken elles er låg. Gli ut på fjorden du også, pust med magen og nyt eit unikt og mektig landskap.

Booking av padletur finn du hjå Bulder & Brak Opplevingar.

Torunn Todal